Trygve Haugland ( 92 ) og Bjørgulv Eik ( 88 ) vert med i køyretykortesjen på 17. mai i år også. Så langt er dei eldst av alle som er påmelde til no. Trygve som blir 93 år i juli månad køyrer ein av dei store traktorane på garden. Bjørgulv, 89 år i november, køyrer militært køyrety, ein Wilys Jeep, 1943 modell. Heile 65 køyrety er påmelde så langt. Det er ein markert auke frå i fjor.

Gørild Samland Eik og Runar Myklebust er ansvarlege for kortesjen, eit nytt og kreativt tiltak som vart prøvd i fjor og som fekk stor merksemd og positiv omtale. Det har berre vore gode tilbakemeldingar og folk spør og vonar at innslaget vert gjenteke i år. Alle som vert spurde om å delta, er positive. Talet på deltakarar aukar med dette frå 45 i fjor til over 65 i år.

Påmelding, planlegging og gjennomføringa vert som i fjor. Komiteen oppmodar publikum koma seg ut og stå langs ruta. Finn fram 17. mai kleda og finn gjerne på noko artig der du står. Med andre ord: Lag liv og røre langs traseen.

Skal tru om veteranbilen frå den russiske ambassaden vert med i år. Sjåfør er Hans Reidar Kjærland.

Det er eit krav om påmelding. Køyretya vert delte inn i grupper. Fyrst kjem motorsyklar og mopedar, så kjem brannbilen med høgtalar og musikk, deretter militære farkostar. Veteranbilane og veterantraktorane kjem deretter. Sidan Uskedalen er ei landbruksbygd er det opna opp for meir moderne traktorar i ulike storleikar.
Alle bør stilla med pynta køyrety. Finn gjerne på noko originalt med klede og ekstra utstyr. Mange merka seg til dømes Sigmund Myklebust i fjor i traktor med potetsetjar. Bak på seta sat to ungdomar.

Ruta er den same som i fjor. Frammøteplassen er Børnes Industriområde. Her vert alt organisert før turen går inn til Nedre Fet, opp Døsslandssido, ned på Kjærlandssido, gjennom sentrum og vidare langs Fylkesveg 48 mot Rød. Snuplassen er ved nedkøyrsla til Bøkkerverkstaden. Så er det retur ut i bygda, oppløysing og kvar heim til sin bustad.

Mange er kontakta om deltaking. Det kan likevel vera nokon som er gløymde. Ta kontakt med Runar Myklebust på mobil: 906 81 186.

Om programmet elles: Sjå omtale på usledalen.no.

Dei påmelde i bilkortesjen skal bu eller ha ein relasjon til Uskedalen. Rune Enæs bur på Husnes, vaks opp i Uskedalen og er ein sjølvskriven deltakar.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal