Programkomiteen for 17. maifeiringa i Uskedalen har hatt sitt siste møte før programmet går i trykken. Det kjem nok ikkje som noko overrasking at også i 2021 vert programmet dessverre prega av pandemien – og eit samfunn som ikkje kan utøva full fridom på nasjonaldagen riktig enno. Dugnaden på smittevern må halda fram, men komiteen har eit håp om at dette vil verta den siste 17. mai-feiringa prega av restriksjonane. Slik sett kan også 17. mai i 2021 verta historisk.

Dei ulike komiteane er no i full gong med å planlegge og førebu både pynting, aktivitetar, premiering og anna effekter. Likeeins har dei store forventningar om at Uskedelingane ikkje sparar på noko når det gjeld pynting, rydding og anna førebuing til nasjonaldagsfeiringa.

Ein samla programkomite legg opp til eit program som i stor grad liknar det som vart innhaldet i 2020. Dei årvisse arrangementa ved bautasteinen og på stemneplassen blir gjennomført nesten som vanleg, men berre med inviterte tilskodarar. Det er berre hovudtalar som blir filma på førehand, og filmen vert distribuert på uskedalen.no på dagen. Filmen skal sendast også Grenda og Kvinnheringen. Når dette vert skrive, veit vi ikkje kva restriksjonar som gjeld på 17. mai. Komiteen vil eventuelt koma tilbake til uskedalen.no med meir informasjon når ein nærmar seg dagen.

Årets hovudtalar er Tomas Bruvik. For mange kjend som mangeårig tidlegare redaktør i Kvinnheringen, i dag generalsekretær i LLA – Landslaget for lokalaviser. Ei stilling der han arbeider tett opp mot både politikk og media.

For mange er det nok også gledeleg at det vert skipa til både rebusløp og bilkortesje. Rebusløypa blir noko kortare enn den som blei rigga til i fjor, medan bilkortesja følgjer same ruta. 17. mai-komiteen oppmodar Uskedelingar å delta i desse arrangementa – så langt det let seg gjera. Pynta veteran- bilar, -traktorar, -motorsyklar og anna veterankøyrety er velkomne i kortesja. Å stå langs ruta med flagg, hurrarop og anna effekter gjer seg på ein slik dag.

Både skulekorpset og musikklaget har nett starta opp att med øvingar, og vil bidra til at både nasjonalsong, fedrelandssang og kongesang vil få sitt akkompagnement. Det er enno uvisst om det blir felles nasjonalsong med heile nasjonen kl 13. Audmjuke som komiteen er, har vi von om at Uskedalen med dette set dagsorden for nasjonen på dette punktet i programmet.

Har du eit køyrety som vil eigna seg i kortesja eller vil vera med å pynta til 17. mai? Meld deg til pyntekomiteen sin leiar Gøril Eik, tlf 48042865

Programmet, slik det er utarbeidd før trykk:

0700: Salutt

1000-1600: Rebusløype

1115: Gudsteneste i Uskedalen kyrkje

1230: Minnemarkering ved bautasteinen:

Uskedalen musikklag spelar
Nasjonalsongen (vers 1-3)

  1. klasse ved Uskedalen skule les diktet av Olaf Agnar Gausvik
    Kransenedlegging
    Uskedalen musikklag spelar:
    Gud signe vårt dyre fedreland (vers 1 og 7)
    Inviterte til bautasteinen er foreldre og søsken til 5. klassen

1300: Minnemarkering på stemneplassen

1300: Heile Noreg syng nasjonalsongen
Tale for dagen ved Tomas Bruvik – filma på førehand og vet lagt tu på uskedalen.no
Blomanedlegging
Uskedalssongen (3 vers)
Skulemusikken spelar Kongesongen
Inviterte til Stemneplassen blir foreldre og søsken til skulemusikken og talarane.

1400: Bilkortesje

Kortesje frå Børneset, opp Døsslandssido, ned Kjerlandssido, gjennom sentrum og forbi Korsneset.

Det vert lagt ut 17. mai-program for sal på Spar og på Gros blomster. I år er det også berre programmet som gjev inntekter, så vi håpar folk vil kjøpa programmet. Det blir trekt ut fire vinnarar frå kjøp av programmet. Inni programmet ligg skildringa av postane til rebusen og eit svarark som må leverast inn før klokka 1630. Det blir mange flotte premiar.

Inviterte gjester

Det er trist å ikkje kunne invitera alle til å kome på markeringane. Både til Bautasteinen og til Stemneplassen ber vi om at det berre er inviterte som kjem. Dette handlar om moglegheiten til å ha tilstrekkeleg avstand mellom familiegrupper. Etter gudstenesta veit vi at det kan koma folk gåande opp til Bautasteinen, nett når diktlesinga skjer. Vi ber om at publikum held avstand.

Med vennlig hilsen

Kristian Helgesen
Leiar i programkomiteen

Uskedalen.no kjem tilbake med meir informasjon og bilete i tida fram til Nasjonaldagen, 17. mai 2021.

Tekst: Pressemelding
Foto/nett: Kristian Bringedal - arkivfoto