For ei tid sidan hadde vi ei sak om at det no hadde blitt rydja i stien innover i Børsdalen. Dette er eit vakkert naturområde som dei seinare åra har vore lite brukt sidan det i ytste delen har vore svært tilvaksen og lite framkommeleg. No er altså det gjort ein god jobb med dette, og fleire har oppdaga denne turen langs Børsdalselva i denne vakre dalen med mektige Englafjell og Ulvanåso på kvar side. Atle Thoresen og Siv Framnes er to av dei som har gjort turen denne veka, og frå Siv har eg fått bilda som er brukt i denne saka. Bildet over er henta like etter starten frå Kalkestasjonen der dei går over brua over Børsdalselva.

Inn Børsdalen med majestetiske fjell på begge sider.

Siv fortel at det er gjort ein stor jobb, og det er godt rydja og merka med vardar og T-ar til midt inne i dalen. Vidare innover kan det vera litt vanskeleg å finna stien, men det er godt framkommeleg. Inn mot Jyttene er det eit stykke med mykje ur som er dekt med mose og gras så der bør ein vera litt forsiktig. Dette kan nok betrast med tid og stunder, og god dugnadsinnsats.

Stien er rydja og godt merka første halvdelen.
Vakkert!
Naturperler på rekkje og rad!

Siv og Atle gjekk inn til Fagerdalen som ligg der så idyllisk med Fagerdalsvatnet. Vidare gjekk dei opp til Fagerskaret. Dei fortel at dei gjekk opp på høgre sida av Fagerdalsvatnet og ned att på Nåsa-sida. Dei fekk då eit flott skue ned dalen, og legg til at det var mange fine teltplassar som innbyr til bruk. Det er nok ikkje utan grunn at namna blei Fagerdalen, Fagerskaret og Fagerdalsvatnet. Det er lett å forstå! Siv fortel at dei blei veldig imponert over faunaen ved Fagerdalsvatnet, og plutselig letta ei ørn like ved. Føltes som ein kom inn i uberørt villmark. På Fagerdalen er det også murar etter gamle sætrar.

Dei som har gjort rydjearbeidet, fortener ære for det! Dei har opna opp for ei naturperle som var mykje brukt i tidlegare tid. Då eg var barn, jaga vi sauene inn til starten av Børsdalen, og så beita dei seg innover. Nokre slo seg til ro på Fagerdalen medan andre gjekk vidare opp på Nåso til sommarbeite der. No fer sauene direkte opp på Nåso frå ytste enden.

Vakkert skue!
Vakker blomstring ved Fagerdalsvatnet.

For tilreisande nemner eg at Børsdalen har fått namnet Bergsdalen på kart, dersom de brukar det. Det namnet hadde nok aldri forfedrane våre høyrt. Rette namnet har alltid vore Børsdalen.

I tillegg til å starta frå kalkestasjonen kan ein også starta frå Døsslandsheio.

Då seier vi berre; – prøv turen og nyt den!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Siv Framnes