Børsdalen, som til no har vore eit ukjend turmål, vert oppdaga og teke i bruk av turgåarar. Den 3 km lange V- forma dalen kiler seg inn mellom Englafjell og Ulvanoso og er i liten grad påverka av menneskeleg aktivitet. Difor seier vi at Børsdalen er eit naturminne, forma i hovudsak av elveerosjon og litt av isen då den siste istida var slutt for 10 000 år sidan.

No har nokre ivrige turgåarar teke på seg å merka stien langs elva med steinvardar. Noko brakje er rydda og traseen er godt synleg i landskapet. Børsdalen er på mange måtar som ei villmark og mange, bortsett frå bønder på plassen og dei som går turen frå Holmedal til Uskedalen, har aldri vore her før.

Ein steingard fortel at her har det vore beiting.

Frå Kalkstasjonen til inst i dalen før Fagerdalen er det om lag 3 km. Med store skredmassar går du for det meste i ur tilvaksen med gras og mose. Ver merksam. Det kan vera snart å trø ned i hol eller bekkefar i det heller ulende terrenget. Landskapet er mektig og imponerande med blankskurte fjellsider, snøfenner i Limomen, store flyttblokker frå istida, fossar og elva i dalbotnen.

Det er mellom anna elva som har forma den 3 km lange dalen.

Det er to alternativ for tilgang til Børsdalen, anten frå Kalkstasjonen eller frå Heio med tur inn sandtaket på Døssland.

GOD TUR i eit nytt og ukjend landskap.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal