Anne Helen og Ida- Emilie Kaldestad frå Herøysundet starta hausten 2022 barneturn I Uskedalen, for born under skulealder. Tiltaket har fått mange gode tilbakemeldingar frå føresette om at dette er ein flott og kjekt aktivitet. Leiarane har sett pris på å få bidra med aktivitetar med hopp, sprett og sprell til aktive småborn. Det har vore kjekt å verta kjend med små og store frå bygda. Anne Helen og Ida-Emilie vil få fram at dei har hatt fantastiske føresette som hjelper til med å laga til og ryddar på plass att apparata i hallen. Det set dei stor pris på. Onsdag 3.mai kl 17 er det avslutning for barneturnen. Leiarne takkar for seg. Sjølvsagt håpar dei at nokon har tid og lyst til å fortsetja med barneturnen til hausten. 

Barnturn for yngre har vore ein populært aktivitet.
Anne Helen og Ida-Emilie Kaldestad takkar for seg som leiarar for barneturngruppe i Uskedalen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto - Per Korsvoll