Namnet er storarta. Det same er gjengen i turgruppa Yngre Pansjonisters Gang- og Sparzerklubb frå Rosendal som gjesta Uskedalen i dag. Kvar tysdag sidan starten i 2001 legg 10 – 15 menn ut på tur. Gunvald Friheim frå Uskedalen er ein av medlemene. Så langt har dei vore på meir enn 600 turar med turmål i heile Hordaland, ja, vidare med. Fyrste turen med fire deltakarar gjekk i Guddalsdalen. Seinare har det kome mange til. På det meste tel gruppa over 20 medlemer.

I dag gjekk turen til Uskedalen og Noregs lågaste topptur, Skårhaug, 49 moh. Før det fekk gruppa orientering av bakgrunnen for Uskedal Friluftslag og Stemneplassen og arbeidet som vert gjort med å utvikla plassen til eit attraktivt friområde sentralt i bygda. Deretter var det informasjon om Uskedal Historielag med innlagt synfaring i bygdearkivet. Før avgng til Skårhaug fekk turgruppa musikalsk oppvarming saman med Rustne Menn.

Så bar det på Kafe Tiaren med kaffi og god bakst.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal