William Samland Eik - kretsmeister i G15 klassen.
William Samland Eik var med på kretsmeisterskap i langrenn på Totræna i Samnanger i går. Han vart kretsmeister i G15 klassen i Hordaland. William gjekk på ei svært god tid når vi tek omsyn til aldersklassen hans. Han har hatt ein god sesong så langt, og trenar no fram mot årets høgdepunkt om 3 veker. Då er det Hovudlandsrennet som ventar. Det går i år i Meråker. På kretsmeisterskapet var det også ein fin medaljefangst av deltakarar frå andre klubbar i Kvinnherad. Grenda har ei sak om dette.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Espen Eik