Wermund Vetrhus frå Uskedalen - ny plansjef i Ullensvang kommune.
Wermund Vetrhus ( 39 år ) er nyleg tilsett som leiar for verksemda Plan- og samfunnsutvikling i Ullensvang kommune. På Facebook skriv Wermund at han gler seg til å leia ei avdeling med tilsette som er godt kompetente og motiverte. Det er mykje spanande som skjer i Ullensvang for tida. Det er nok å nemna fagområde innan industrien, landbruket og turismen. Nyvinningar for stålproduksjon, sidereventyr, Trolltunga og Dronningstien er alle synergiar på tvers av ulike fagfelt. Den noko omstridde Gondolsaka er noko av det Vetrhus vil få planansvar for. Wermund Vetrhus har fram til no vore tilsett på planavdelinga i Ullensvang.
Tekst/nett: Kristian Bringedal