Så lagt vi veit er P-avgifta ved Vonheim den fyrste i sitt slag i Uskedalen. Auke i trafikken av fjellklatrarar, elvefiskarar og andre tilreisande gjer at det turleg vil koma fleire lokalitetar med krav om parkeringsavgift. Det er med andre ord ei ordning vi vil sjå meir til i Uskedalen, slik det alt er i mange bygder.

Parkeringsavgifta ved Vonheim er kr. 50,- pr. påbegynt dag. Det er ikkje noko å sei på prisen og så langt har ein ikkje motteke negative merknader. P – avgift betalt på VIPPS er ei god løysing som også genererer inntekter til Haugland- og Musland Grendalag, eigar av Vonheim.

Plassen ved Vonheim vert mykje nytta til døgnparkering, særleg av fjellklatrarane i Ulvanoso. Ei av dei merka rutene i Bergen Klatrerklubb sin guide startar ved fjellfoten på andre sida av elva visa vi Haugland skulemuseum.

Det er uvisst korleis dette med P-avgift vil utvikla seg i Uskedalen. Nokre punkt peikar seg ut, som ved Fjellandsbøvatn og Kalkstasjonen. Det er natuleg at ein finn lokale løysingar for av- og påstigingar, korttidsbruk og ved arrangement.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal