Det kan bli ei løysing på asfaltering på vegen mellom Uskedalen og Herøysundet i september/oktober månad no i haust. Dette kjem fram i skriv frå byggeleiar for vedlikehald, drift og beredskap – drift Sør, Amira Alic Popovic. Vegstrekninga er meldt inn til ansvarleg for dekklegging etter synfaring måndag 29. august. Etter synfaringa vart det lova asfaltering i månadskifte september/ oktober. Strekninga Herøysundet – Uskedalen var ikkje inne i gjeldande asfalteringsprogram i denne omgang. Det er ein fast tipsar til uskedalen.no som har funne dette skrivet på postlista.


Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Oddvar Onarheim