Vinterferie, men ikkje på Kafe Tiaren. Allsong på tysdag.
Skulen har vinterferie i veka som kjem. Nokre reiser på hytta, men dei fleste er heime i bygda. Då er det viktig å finna på noko. Kafe Tiaren går etter oppsett plan. Ikkje nok med det. Komande tysdag er det Allsong med Fire Rustne Menn. Med delvis nyinnøvd program, kan alle sjå fram til ei triveleg stund. Det vert melllom anna songar av Stein Ove Berg, Jan Eggum og Olav Stedje. Kafeen opnar kl. 11.00. Allsong mellom kl. 12.00 og 12.30.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkiv - Jan Gjertsen