Vinnartala så langt i skulemusikken sin adventskalender
Me har fått spørsmål om å gjenta vinnartala i skulemusikken sin adventskalender i tilfelle ein vinnar har gått glipp av premien sin. Men det er ikkje mange nummer å gjenta – me har berre ein premie som ikkje er levert til vinnaren og det er ein hekladuk som vart vunnen av nummer 224 den 12. desember. I dag er premien Gåvekort frå Friheim Gardsmat og det er vunne på nummer 65. Har du ein av desse kalenderane ber me deg ta kontakt med Monica Hermann på telefon 90635493 slik at du kan få premien din.
Tekst/nett: Monica Hermann