Styret i Uskedal skulemusikk vil retta ei stor takk til alle som har bidrege til at adventskalendaren blei så vellukka. Ei stor takk til privatpersonar for nydelege handarbeid og firma som var velvillige og gav flotte gåver slik at gevinstlista blei så fyldig og god. Styret takkar Gros Blomster og alle andre som har selt, og kjøpt kalendaren, Auto 88 AS som har stått for utdeling av gevinstar, Kvinnherad Vekstbedrift for trykking og uskedalen.no som kvar dag har publisert vinnarnummera.
Adventskalendaren er ei hovudinntektskjelde for skulemusikken og er svært viktig for drifta av korpset.

Vi repeterer vinnarnummera dersom nokon skulle ha mista nokre av dei:

46, 273, 355, 127, 120, 236, 598, 134, 315, 133, 263, 297, 506, 141, 52, 436, 482, 535, 542, 125, 518, 479, 414, 419, 352, 318, 15, 486, 63, 597, 252, 200, 424, 326, 580, 416, 333, 234, 476, 175, 185, 130, 483, 197, 497, 395, 19 og 275.

Dei som berre er heime i Kvinnherad på juleferie(i romjula), kan avtala henting av gevinstar med Mai-Lis, 957 52 081. Dette gjeld gevinstar frå 1. – 21.desember.

Premiane 22., 23. og 24.12. skal hentast hos Monica Hermann som bur på Kjerlandsido 10, første huset på høgre side like ovanfor brua. Det er greitt om dei ringer 906 35 493 på førehand.

Alle gevinstar må hentast før 11.januar 2022.

Tusen takk til alle saman!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland