Viljar og Bjørn Olav Tveit frå Uskedalen saman med andre klatra i Johannes Heftye sine spor opp Store Skagastølstind i sommar. Heftye klatra denne turen i 1880 med langt dårlegare utsyr enn det ein har i dag. Det artige med turen til Johannes Heftye i 1880, er at han ville å syna at Store Skagastølstind var enklare å bestiga enn Knutsholstind som han klatra nokre år tidlegare. Etter at William Cecil Slingsby var første mann opp på Storen, følte Johannes at Slingsby fekk ufortent mykje åtgaum, og han la i veg for å syna kor enkelt dette fjellet var. Etter å ha gått feil og bomma på Slingsby si rute, enda han i ei renne som altså fekk namnet Heftyes renne. Det var denne ruta far og son Tveit tok seg opp.

På toppen.

Viljar og Bjørn Olav kom seg relativt greit opp. Dei trur likevel neppe at dei ville klatra der med 1880-tals støvlar. Vel nede frå turen var Johannes først og fremst oppteken av å fortelja kor ubetydeleg denne toppen var, og han skreiv året etter ei bok der han m.a. formulerte dette: “… enhver på dette felt kompetent dommer vil anse det som bevist at Store Skagastølstind i henseende til vanskelighet å bestige er en topp av annen rang.”

Luftig og krevjande.

Dette kunne ikkje Slingsby la stå uimotsagt, han la utan unødig opphald i veg for å bestige Knutsholstind, saman med ei kvinne. Dette burde bevisa at Knutsholstind var ei relativt enkelt. Johannes kritiserte Slingsby i eit avisinnlegg at det var uansvarleg å ta med vergelause kvinner i farlege fjell. Johannes skreiv m.a. dette: «Vi må be Gud bevare oss for noensinne å komme så langt i emansipasjonen at våre landsmanninner skulle falle på for alvor og i almindelighet å bestige Knutsholstind».

Bjørn Olav konstanterar at Gud ikkje besvarte Johannes sine bøner og at emansipasjonen har ført mange landsmanninner opp på både Knutholstind og Store Skagastølstind.

Tekst: Redigert og henta frå Bjørn Olav Tveit Facebook
Foto: Privat
Nett: Kristian Bringedal