Med gåve frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad vert det kjøpt inn nye møblar i foajeen i Aktivitetshuset. Styret vil på den måten gjera foajeen brukarvenleg for alle. Det kan vera ein plass for foreldra medan borna er i hallen. Ynskje og målet er meir aktivitet og ein plass å møtast. Aktivitetshuset kan verta ein møteplass med eit fast opplegg for ungdomen, til dømes på fredagskvelden. Bilete er frå gåveutdelinga til SpareBank 1-stiftinga måndag i denne veka.

Ungdomen treng møteplassar. Kan foajeen i Aktivitetshuset brukast til dette ?

Ein føresetnad er at foreldre og andre frivillige engasjerer seg og er med og hjelper til. Målgruppa kan vera ungdom frå 7. klasse og oppover. Uansett er møblane, som står der i dag, klar for utskifting. Det er Per Korsvold i styret for Aktivitetshuset som skriv dette til uskedalen.no i dag.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal