Onsdag i denne veka inviterer Skogselskapet, søre Kvinnherad Skogeigarlag, Kvinnherad kommune og Statsforvaltaren til skogdag i Uskedalen. Arrangemnetet er saman med Englafjell Veglag og plassen er i lia under Englafjell. Tema er: Blandingsskog, planting etter hogst, underskogspleie og taubanedrift. Målet er å auka kunnskapet og engasjementet for skogsdrift. Selskapet Frivik taubanedrift AS vil syna uttak av skog i bratt terreng, ei drift som sparer terrenget for synlege spor i landskapet.

Tømmeruttak med taubanedrift.

Johannes Feet ynskjer alle velkomne til plassen frå kl. 17.00. Ein ser helst at folk kjem gåande. Dei som har vanskar med å ta seg fram, kan bruka bil og køyra fram til samlingsplassen. Plassen er skilta.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Englafjell Veglag