Neste førelesar i Kvinnherad Senioruniversitet er Haktor P. Aakre frå Varaldsøy. Aakre ( f. 1943 ) er pensjonist. Han har i sitt yrkesaktive liv vore lærar og rektor, for det meste på Trå Skule. No vil han førelesa om Gruvedrifta på Volaheiane, Varaldsøy – ei framstilling av gruvedrifta  på Varaldsøy  mot slutten av 1800-talet.

Svovelkis-gruva  på  Varaldsøy, låg på Volaheiane, 300-400 meter til fjells, sør-aust for den vesle grenda, Øyarhamn, der MOWI i dag har eit stort setjefisk-anlegg.   Det var tidvis stor etterspurnad etter svovelkis ute i Europa på den tida.  Malmen blei brukt i industrien til å framstilla svovelsyre.
Drifta starta i 1866. Det blei  bygt veg for hest og kjerre opp til det kommande gruveområdet.  


Oppe på Volaheiande vaks det opp ein liten gruvelandsby med bustadhus, arbeidarbrakker, skulehus/bedehus og andre hus nødvendige for drifta. Styraren for gruva, Aleksander Barratt, var  ein djupt religiøs mann.  Han  høyrde til metodist-samfunnet, og heldt ein streng kristeleg tukt i arbeidarflokken.

Fyrst i 1870-åra var det jamt over meir enn 100 mann i arbeid.  Seinare vart arbeidsstokken minska til 70-80 mann.  Det var nok eit yrande liv i området, med både skule og landhandel, på den tida. Mest all  svovelkisen  vart eksportert  til England. Men etterspurnaden varierte mykje. Likeins prisane,  og fleire periodar produserte selskapet for lager. Mot slutten av 1880-åra vart det verkeleg dårlege tider, og selskapet gav opp drifta.  Då hadde arbeidet vart i 22 år, og det var blitt produsert i underkant av 170000 tonn svovelkis.

I I910  vart drifta teken opp att, men dei vanskelege åra under og etter verdskrigen gjorde det umogeleg å halda fram.  Etter 1920 har det ikkje vore drift i området.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal