Synnøve Handeland er gjest i Kvinnherad Senioruniversitet ,torsdag 2.november, kl 11.00 i Rosendal Samfunnshus. Denne gongen tek ho føre seg arverett og testamente. I det norske samfunnet er det i dag ein flora av ulike måtar å leva saman på. Mange lurer kanskje på arv og arverett når det er snakk om ekteskap, sambuarskap, mine barn og dine barn osb. Eller kva skjer viss ein ikkje har direkte arvingar ? Kan du gje heile eller deler av arven din til eit veldedig føremål ? I mange tilfelle er det framsynt og lurt å skriva eit klårt og tydeleg testamente der ein gjev uttrykk for sin siste vilje.

Mange har opplevd opprivande arveoppgjer, Men korleis lagar du eit testamente? Kva kan du ta med og kva er ikkje lov å skriva ? Kva skjer viss noko eg har skrive, ikkje let seg gjennomføra eller blir kjent ugyldig ? Må ein ha hjelp av ein advokat for å skriva testamente ?

Dette og meir til, vil jurist Synnøve Handeland svara på i Rosendal samfunnshus neste torsdag kl 11.12.januar møtte 190 menneske opp på Husnes for å høyra ho snakke om Framtidsfullmakt. Etter føredraget vert det sosialt samvere og eit enkelt måltid i foajeen. Senioruniversitetet er ope for alle som har høve til å møtast om eit aktuelt tema på ein torsdag føremiddag.

Tekst/nett: Kistian Bringedal
Foto: Arkivfoto