FRAMTIDSFULLMAKT, ARVELOV OG TESTAMENTE ER TEMA I SENIORUNIVERSITETET I KULTURHUSET HUSNES, 12.JANAUAR kl. 11.00
Dette er tema som er svært aktuelle for tida og som me alle treng å vita noko om. Kanskje vert eg plutseleg råka av demens eller alvorleg sjukdom. Kva skjer den dagen eg treng assistanse for å ordna opp i sakene mine? Kven skal få fullmakt til å disponera kontoane mine, betala rekningane eller ordna opp i gjelda mi, osv? Dette kan eg avklara og bestemma på førehand, dersom eg skriv ei framtidsfullmakt.


Men kva er ei framtidsfullmakt? Kvifor treng vi det? Kven skal ha den? Og er det vanskeleg å laga ein slik, eller kan eg greie det sjølv? Kor finn eg eventuelt hjelp? Dette er spørsmål som Synnøve Handeland vil ta opp på neste møte i Seenioruniversitetet. I tillegg vil ho ta ein rask gjennomgang av dette med arv, arvereglar og testamente.

Det kom ein ny arvelov i 2021. Korleis er det no med arveavgift? Kva feller må ein unngå når ein skriv testamente eller framtidsfullmakt? Og korleis er no reglane for å gje heile eller deler av arven i gåve til nokon
utanom familien?


Det spørs om vi ikkje alle treng å høyre Synnøve Handeland gi oss eit lite grunnkurs i trygg handtering av verdiane våre! Ho er utdanna jurist med allsidig erfaring, og fagmenneske på dette feltet. Etter føredraget vert det sosialt samvere og enkel servering i festsalen. Senioruniversitetet er ope for
alle som har lyst og høve til å møtast om eit aktuelt emne, på ein torsdag kl. 11.00.


Styret i Kvinnherad Senioruniversitet v. Steinar Haugan

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal