Hardangerjakta MATHILDE er eit velkjend syn i Uskedalen med sine faste turar og hamn på Skorpo. I leirskulefarten kvar vår og haust er det ofte bunkring på Myklebust kai og proviantering på SPAR. Skipperen Audun vert pensjonist i desse dagar og fartyet treng ny skipper. MATHILDE er ei 125 år gammal hardangerjakt på 73 fot med ein tonnasje på 76 brt. Etter å ha blitt tilbakeført som seglfartøy har ho sidan 1989 vore i aktiv drift om lag 8 månader i året. Seglsesongen har eit mønster med 6-8 veker kulturtokt (dagsturar), 8-12 veker med leirskuletokt (5 dagars tokt), og nokre veker med sommartokt for ulike grupper. MATHILDE har eit fast tilsett sikkerhets mannskap på tre personar: Skipper, bestmann og kokk. Som oftast er det eit mannskap på 4 personar.  

MATHILDE i Storsund.

Stiftinga søkjer etter ein skipper, primært med erfaring frå drift av seglande fartøy innafor skule eller  kulturhistorisk ramme. I tilegg til kunnskap om det driftsmessige må vedkomande ha evne og lyst til å arbeida med formidling av maritim kunnskap til alle aldersgrupper. Skipperen er arbeidsleiar for mannskapet, og vil samarbeida tett med landbasen om drifta . 

MATHILDE sin skipper må ha kystskippersertifikat (D5 (II/3,5)) og ROC-radiosertifikat. Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar og evne til samarbeid. 

Meir informasjon om stillinga kan de få ved å kontakta avdelingsleiar Heidi Richardson, 

Tlf: 41260697 eller personalkonsulent Signe Brurok tlf 47 47 99 94 

Send søknad med CV og referansar til personal@hvm.museum.no innan 15. februar 2022. Tilsetting snarast.

Tekst: Henta frå utlysingsteksten
Foto/nett: Kristian Bringedal/ Øystein Enæs