Langvarig kulde gjer at det er fare for frosne vassrøyr. Hans Reidar Kjærland i Uskedal Vassverk bed alle vera merksame på om det er noko som tyder på at det frys i det område der du bur. Fem abonnentar på Padlane er utan vatn. Dei vil få tilgang til vasspost der dei kan henta vatn i dunkar. Ver merksam på dette:

  • Vassledning som ligg i grusmassar, i eller under veg er mest utsett for frost. Det dannar seg ofte isflak i eller tett ved vegen. Isen svedl.
  • Lite vatn inne i huset tyder på at det at det nett før frysing. Set på renning med svakt trykk. Dette gjeld berre dei som merkar at noko er unormalt, ikkje alle andre.
  • Meld frå til Vassverket dersom du misser vatnet. Det vert oppretta vasspostar der ein kan henta vatn i dunkar.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto