Dei over 85 år er snart fullvaksinerte og ein er starta på gruppa 75 til 84 år. Det er om lag 900 personar i denne aldersgruppa. Først vert dei på 83 – 84 år ringt. Så går ein nedover på lista. Denne ringerunden går òg geografisk. Om du lurer på kvifor naboen har blitt oppringt, kan det henda det er ei geografisk grense mellom dykk, eller at naboen er eit par år eldre. Er det fleire i husstanden i same aldersgruppe, vil ein prøva å ordna det slik at ein kan få time for vaksinering samstundes.

Alle i denne aldersgruppa, som er folkeregistrert i kommunen, vert oppringt. Aldersgruppa 65 til 74 år vil også bli ringt når den tid kjem. Vi ber dykk om å vera tolmodige.
Vaksinasjonen har teke lengre tid enn fyrst tenkt då kommunen til no har fått færre vaksinar enn det som var varsla. Difor er det vanskeleg å svara på kor lenge ein må venta. Det varierer kor mange dosar kommunen får om gongen. Informasjon om mengde får vi frå veke til veke.
Ein treng ikkje melda seg til vaksine i denne gruppa. Du vil verta kontakta når det er din tur. Det er mange som skal vaksinerast og mykje logistikk rundt dette, så det er ikkje høve til å byta time om det ikkje passar – med mindre ein vert sjuk.

NB: AstraZeneca vaksina er mellombels sett på vent.

Tekst: Kvinnherad kommune - Pressemelding
Foto: Grenda
Nett: Kristian Bringedal