Dugnadsgruppa har no diskutert korleis utfordringane med parkering skal løysast under arrangementet ved gapahuken på Klepp torsdag. Dei har kome fram til greie retningslinjer som gjer det mogeleg kjøra deler av vegen for dei som syns det blir litt langt å gå. Bildet over viser den nydelege utsikten frå Klepp.

Dei som har bilar med to-hjulsdrift kan kjøra opp til svingen ved Vårstøl(2. svingen) og parkera der. Dei som har firhjulstrekk kan kjøre opp til indianarsvingen(5. svingen). Dei skal så parkera på rekke i strekket opp mot enden på vegen. Det blir då i nærleiken av der stien startar bort mot Klepp.

Ved å løysa parkeringa på denne måten kan ingen av dei som parkerer der gå før arrangementet er slutt. Alle går samstundes, og så startar ein nedkjørsla slik det er naturleg ut frå plasseringa bilane har.

Dei som kjører bør helst fylla opp bilane, og det blir vanleg avgift for å kjøra skogsvegen. Dei som kjører til Vårstøl skal betala 50 kr medan dei som kjører heilt opp skal betala 70 kr. Det kan betalast med vipps til 410 42 659.

Dugnadsgruppa anbefaler også deltakarane å ta med ein termos med kaffi. Det vil smaka ekstra godt til dei nysteikte vaflene som dugnadsgjengen serverer! Arrangementet startar kl.17.

Gapahuken på Klepp som skal innviast på torsdag.
Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland