Dugnadsgruppa har som kjent bygd to flotte gapahukar; – ein på Flåtene i Eikedalen og ein på det fantastiske utsiktspunktet på Klepp på Hauglandsfjellet.(Bildet over) Torsdag inviterer dugnadsgruppa til innviingsmarkering av gapahukane, og det vil skje på Klepp. Vergudane ser ut til å skapa ei flott ramme rundt programmet, og det vil bli ei særdeles flott stund på denne plassen som har slik nydeleg utsikt ov Uskedalen og vidare enn det.

Utsikt frå Klepp.

Sjølv om høgdepunktet naturleg nok blir “snorklyppinga”, kan dugnadsgruppa lokka med anna innhaldsrikt og variert program. Tidlegare på dagen vil dugnadsgruppa bera opp utstyret som trengs. Svein Rimestad har med seg gitaren og Kristian Bringedal stiller med trekkspelet. Såleis bidrar dei både med allsong og eigne songinnslag. Velsmakande nysteikte vafler blir det òg. Underteikna har ikkje fått kjennskap til programmet i detalj, men eg luktar også overraskelse!!

For dei som syns det blir langt å gå, blir det muligheter for skyss slik at det berre blir ein liten, lett tur bort gjennom lia. Dette kjem det meir informasjon om seinare. På grunn av begrensa parkeringsareal må ingen kjøra opp utan at dei har avtale med logistikkansvarleg i dugnadsgruppa. Ingen må heller kjøra opp utan å ha full bil. Det kjem altså meir info innan torsdag.

Alt ligg til rette for ei flott og stemningsfull haustkveldstund på Klepp på torsdag frå kl.17 og utover! Møt opp og ver med på denne eineståande opplevinga!! Dette blir ein draumekveld!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland