Veteranane i musikklaget skal også i år spela julemusikk til bebuarane og dei tilsette på Rosendalstunet. Tirsdag kl.12 og ein god halvtime utover spelar dei kjende og kjære juletonar. Som i fjor blir konserten utandørs på grunn av koronasituasjonen. Nokre av tilhøyarane kjem ut, nokre er på terrassane medan andre er inne og høyrer tonane frå instrumenta. Julestemning blir det.(Bildet over er frå spelinga i fjor.)
Det er alltid kjekt å koma til Rosendalstunet og spela; – både til jul og i andre samanhengar. Musikarane gjev uttrykk for at dei føler at det blir sett stor pris på, og det er kjekt å høyra frå personalet at bebuarar ventar på musikkgjengen, og har spurt etter når dei kjem.
Fleire av dei som bur på Rosendalstunet no, har hatt svært sentrale roller i musikklaget tidlegare.
– Vi ser alltid fram til desse spelingane, seier musikarane.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Vegard Døssland