Skumringskonserten tirsdag må avlysast.

Veteranane i musikklaget har ikkje teke juleferie enno, men vermeldingane skaper litt krøll i planane. Men julekonserten på Rosendalstunet torsdag kl.17 går som planlagt. Det er tradisjon at veteranbandet spelar julemusikk til bebuarar og tilsette like før jul. Under pandemien var desse konsertane utandørs, men i år blir denne inne slik at dei fleste skal få oppleva julestemninga meir tett på. Bandet gler seg alltid til å spela på Rosendalstunet.

Derimot må dei avlysa skumringskonserten som var planlagt i sentrum tirsdag denne veka. Denne blei arrangert for første gong i fjor (bilde), og det var svært stemningsfullt med lysande faklar og juletonar medan det skumra mot mørket. Vermeldingane tilseier at det hadde blitt svært, svært lite triveleg i morgon, og derfor har bandet måtta avlysa.

Musikkgjengen skal også spela på den tradisjonsrike julefesten i Vonheim på Haugland i romjula. Det har dei gjort nærare 40 gonger før. Det blir siste spelinga i 2023, og dermed stoppar bandet på imponerande 28 opptredenar dette året.

Musikarane ønskjer alle ei god og fredsam jul.

Tekst og  nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto