Veteranbandet lukkast godt med allsongprogrammet sitt på institusjonane.
Uskedal Musikklag sin haustturne med speling på institusjonane vert avslutta på Husnestuent 13. november. Siste framføring med eit eige allsongprogram var på Rosendalstunet i går ettermiddag. Som vanleg er det godt frammøte frå avdelingane, av pårørande, slekt og frå bygdene rundt.
Veteranbandet har funne si form med eit program der det er fin veksling mellom soloinnslag og allsong. Det nye hefte fungerer godt. Det er stor og tydeleg skrift og tekstutvalet er tilpassa publikum. Framføringa der forsongar bind det heile saman er inspirert av kjende program som Syng med oss og Husker du.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal