Veteran-bandet spelar ved Hagetunet torsdag kl.17.
Mange av dei som bur på Hagetunet er musikkelskarar, og er flittige tilhøyrarar når musikk blir framført. Torsdag kl.17 vil derfor veteranane i musikklaget ha ein god halvtime med variert, rytmisk publikumsvennleg musikk ved Hagetunet. På programmet står dansemusikk både i valse-, tango- og polkatakt. I tillegg blir det fleire svingande, rytmiske og meir “jazzy” låtar som får danseføtene til å bevega seg. Sjølvsagt er det også marsjar på programmet. Alt som blir presentert må kunna karakteriserast som publikumsvennleg gladmusikk!
Også andre enn dei som bur i Hagetunet er hjarteleg velkomne til å ta del i musikkstunda. Dessutan håpar veteranane at heile nabolaget vil ha glede av musikken, både dei som badar, og dei som nyt sommaren enten på tur eller på terrassen.
Bildet viser bandet ved Bautasteinen 17. mai.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Kristian Bringedal