Ramma var den beste med vakkert ver, mykje folk, inviterte gjester, flott program og nøgde friluftsmenneske i alle aldrar. Uskedal Friluftslag har med dette kome i mål med prosjektet Turveg på Stemneplassen og i Skårhaug, ein rundtur frå sentrum og attende til Grano på 1,1 km og med høgaste punktet ved TV-masta på 49 meter over havet. Utan at vi veit det med visse, men det kan vera Noregs lågaste topptur. Kommunetoppen på Fedje er 42 moh, men ikkje med tilrettelagt turveg til toppen.

Bjørgulv Eik og Ståle Eik på veg mot toppen, 49 moh.

Nestleiar i styret for SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad, Magnhild Haugland, fekk det ærefulle oppdraget å opna turvegen ved å saga over ei grein, til trommevirvel av trommis Kjell Borge Olsen. Sparebankstiftinga har støtta prosjektet med kr. 280.000,- fordelt på to løyvingar. Prosjektleiar Audun Eik og maskinkøyrar Tor Ove Haugland held greina på plass. Etter ei kort orientering om Uskedal Friluftslag som eig og driftar plassen, var det folkevandring mot toppen til musikk av Uskedal Musikklag.

Det har truleg aldri vore samla så mykje folk på Skårhaug før.

På toppen av Skråhaug var det kaffi, saft og kake til alle, servert av Åse Neset og Jofrid Eik i bunad. Dei tre mest sentrale og berørte naboane fekk blom som takk for godt samarbeid med velvilje med å få bruka privat grunn til framkonst, og som eit påkoplingspunkt. Det er Kjetil Myklebust, Inger Lise Voll og Siren Simonnes.

Entreprenøren Haugland Mjølk og Maskin fekk ros og god omtale for arbeidet i landskapet. Traseen ligg naturleg til utan sprengning eller andre inngrep i lende.

To av borna til Anna og Wilhelm Bjelland, Venche og Asgeir, var med på samlinga i dag. Dei likte det dei fekk sjå, at det vel 10 dekar store friområde i Skårhaug, vert drifta og forvalta slik det er skrive i gåvebrevet for Møteplass Skårhaug, det som vi dag kallar Stemneplassen.

Uskedal musikklag har funne det som kan bli ein ny konsertarena i Uskedalen.

Opningshøgtida var unnagjort på knappe to timar. No må plassen og turvegen brukast. Det var oppmodinga i sluttorda frå styret.

Jofrid Eik og Åse Neset markerte at Stemneplassen er ein festplass – difor kledde i finaste stasen med bunader.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Morten Nygård, Grenda/ Kristian Bringedal/ Thor Inge Døssland