Det var ei verdig og fin minnegudsteneste i Uskedal kyrkje i går. Det vart lese og tend ljos for ni personar, dei som døydde og er gravlagde i perioden oktober 2020 til 2. november 2021. Kantor Rebekka Attramadal song salmen Å, hvor salig det skal blive av den svenske lekpredikanten Svenning Johansson, norsk tekst Tønnes Dahle, med melodi frå ein kvensk folketone. Reidar Algerøy, far til Rebekka, sat ved orgelet. Det var ei gripande og vakker framføring der ein særleg minnest dei som døydde det siste året. Ho song også solo Siste farvel. Redaksjonen gjer merksam på at bilete er frå arkivet og har vore brukt før. Sjå namna under

  • Gunnhild Bergstø
  • Arne Terje Haugland
  • Borghild Gjertsen
  • Berit Lovise Eiane
  • Reidar Gravdal
  • Klara Alvhild Næss
  • Ørjan Haugland
  • Solveig Wika
  • Synnøve Rød
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal