Børneset Næringsområde kom med som eit verbalpunkt i kommunalt budsjett 2026. Målet er å vidareutvikla og sikra utløysing av tomter. Kommunestyret bed om at det vert lagt fram sak til møte i Formannskapet i februar månad. Saka skal omfatta naudsynte tiltak for å sikra utvikling av område, som igjen skal vera grunnlag for investeringsbeslutning innafor vedteken ramme.

Oversiktsbilete – arkiv ( Ikkje oppdatert )

I brev frå Svein Arne Eidsvik i referansegruppa for Børnes kjem det fram at det vi vera ein katastrofe om manglande vegar og rekkjefylgjekrav hindrar utvikling av nye prosjekt. Det er ein føresetnad i vedteken reguleringsplan at tiltak knytt til vegar, vass- og utsleppsleidningar må vera godkjend. Godkjend avkøyrsle til FV 500 er ein del av saka.

Dette er ikkje på plass. Det er ikkje avsett øyremerkte midlar i budsjettet for 2026 til Børneset Næringsområde. I verste fall vil det føra til stopp i nyetablering på område. Sak i Formannskapet på nyåret vil syna om ein finn ei løysing for å koma vidare, mellom med å få utarbeidd konkurransegrunnlag for bygging av vegar, slik det er skissert i reguleringsplanen.

I budsjettdebatten la Knut Johannes Helvik (H) fram fleirtalet sitt budsjettframlegg. Han understreka i innlegget sitt at partia hadde sut for Børneset. Likevel kom ikkje tiltaket med i budsjettet anna enn eit verbalpunkt.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/ arkivfoto