
Ver rask dersom du har tenkt deg på Sløyden Rock i Helgheim.
Billettsalet til Sløyden Rock fyrstkomande laurdag går strykande. Primus motor, Jarle Bruntveit, fortel til uskedalen.no at det er stor interesse . Dersom du har tenkt å gå, bør du sikra deg billett. Søyden Rock er eit musikkprosjekt for musikkglade vener. Alle er velkomne. Namnet er henta frå øvingsplassen, nemleg kjellaren i Grendahuset i Bringedal, det som før var skule fram til den nye skulen kom nede i bygda. Kjellaren var sløydsal. Det er sal av drikke, ikkje mat. Det er 3. gongen det vert skipa til Sløyden Rock i Uskedalen. 140 billettar er selde så langt. Aldersgrense: 18 år. Musikkgruppa spelar to sett.
VIPSS kr. 250,- til 400 51 260.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Sløyden Rock