Ein bilførar hadde ei lite kjekk oppleving då han kjørte innover gjennom Uskedalen tidleg mandag morgon. Loket til kummen i vegbanen like ved avkjøringa til Beinavikjo var av kummen og låg i vegbanen. Heldigvis var bilføraren både av det observante og det ansvarlege slaget. Han stoppa og fekk lempa kumlokket på plass. Han var ikkje fonøgd med slik loket låg. Pakninga var mellom anna ikkje på plass. Derfor melde han frå til dei ansvarlege om at her burde truleg tiltak setjast i verk. Dei lova å sjå på det.
I følge det naboar skriv på facebook var vegansvarlege frå Mesta på plass og såg på det tirsdag 8.mars. Om noko blei gjort, kjenner vi ikkje til, men det er lite sansynleg sidan pakningen framleis ikkje er på plass.
Ein annan ting er at kummen har sige etter vedlikehaldsarbeidet som blei gjort i slutten av november. Dermed er det ei dump som særleg vil vera farleg for dei som kjører motorsykkel. Felgar på bilar vil også få hard medfart, blir det skrive på facebook.

Trafikantar bør vera obs når dei passerer dette kumlokket.

Sist det var arbeid med dette kumlokket, var vegen innsnevra i 5-6 veker, og no er vi spent på kor lang tid det går før det blir reparet denne gongen, står det i Kvardagspraten på facebook. Fram til då bør i alle fall dei ansvarlege setja inn midlertidig skilting og tiltak slik at ingen kjem til skade.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland