I tida etter asfaltering av Fylkesveg 500 har det vore eit hol i vegkanten, om lag ved avkøyringa til Beinavikjo. Holet er ved kumme på gang- og sykkelvegen og kan sjå til å vera ein del av avløpet og dreneringa. Om noko fell ned i holet og kummen, er det vanskeleg å henta opp. No har MESTA merka plassen og tiltak vert truleg iverksett. Men til så lenge: Ver merksam på holet i vegkanten.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal