Ver med Grenda på valvake på Rådhuset.
Grenda har open sending frå valvake i Rådhuset. Sendinga tek til kl. 19.30. Håvard Sætrevik og Morten Nygård er programleiarar. Her kan du fylgja oppteljinga og få høyra intervju og kommentarar frå sentrale pesonar i det politiske miljøet, også frå ansvarlege for oppteljinga. Det er før sagt at om lag 30 % av alle røysteføre i Kvinnherad har førehandsrøysta. Uskedalen ligg truleg langt over dette talet. Mange nytta nemleg høve til å røysta på ein av dei to torsdagane på SPAR:
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Skjermdump Grenda på Facebook