Ei gruppe frå Uskedal Barnehage var på Skårhaug i dag. Det var mykje god leik på toppen, rundt gapahuken og i terrenget rundt. Borna og dei vaksne fekk informasjon om Nissekassen som kjem på plass til Lysmarsjen torsdag 4. desember.

I Nissekassen legg du teikning, helsing og juleynskje. Torsdag i komande veke legg Uskedal Friluftslag opp til Lysmarsj. Frammøte ved Grano kl. 17.00. Alle går med hovudlykt over Skårhaug. Det er stopp på toppen med høve til å putta oppi Nissekassen.

Turen går vidare ned til den nye og opplyste P plassen. Der vert det musikk ved Uskedal Musikklag. Styret tek seg av servering av gløgg og kakemenn. SPAR sponsar kakemennene.

Det er innspurten på vedlotteriet denne hausten. Siste sjanse til å ta lodd før det vert trekking på plassen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal.