Møyfrid og Anders Kristoffersen og Tore Mathisen gjer sitt til at det er velstelt og fint ved forsamlingshuset Vonheim og Haugland skulemuseum. Møyfrid pyntar med blomar, Tore slår graset og Anders jobbar med skifte av nokre kledningsbord. Han må ha hjelp frå blikkenslagar med beslag i overgangen bordkledningen og vannbordet. Det trengst også beslag under døra før det vert lagt heller/skifer i trappa. Elles har Dugnadsgruppa vore engasjert i arbeidet med utbetring av trappa, noko dei vil halda fram med. Møyfrid har rydda den gamle skuleplassen for greiner, som klargjering før graset vert slege med ein litt sterk plenklyppar. Bilete syner pågåande arbeid med trappa og bordkleningen på Vonheim.

Det er velstelt og fint rydda rundt Vonheim.




Den gamle skuleplassen på Haugland er rydda og klargjort for plenslått.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal