Vellukka testing før skulestart i dag - alle negative.
I romjula gjekk det ut melding om testing av elevar og tilsette i barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule før frammøte til fyrste skuledag i dag. Testinga skulle gjennomførast innanfor 24 timar før dei møtte på skulen etter juleferien. Uskedalen.no har spurt rektor, Odd Steinar Arnesen, om responsen og gjennomføringa i Uskedalen.
Skulen hadde testar for utlevering og alle som ikkje hadde testar heime, møtte fram på skulen i går mellom kl. 11.00 og 12.00. Her fekk dei testar med informasjon utlevert. Inntrykket er at alle tok testinga seriøst og på alvor. Skulen har ikkje motteke melding om at nokon har testa positivt. Alle var negative.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal