Vellukka sommarleir ved Mannsvatnet.
Sommarleiren vart arrangert i regi av Friluftsrådet vest, og vi hadde 14 deltakarar i alderen 5.-7.klasse. Deltakarane kom frå Halsnøy, Husnes, Uskedal og Rosendal. Ein veldig kjekk gjeng! Dei tre dagane ved Mannsvatnet vart nytta til fiske, blåbær-plukking, baking, leik kring hytta og tur til Solfjell. Lite mobildekning gav tid til mykje anna kjekt. Tusen takk for at vi fekk låna den flotte hytta.
Helsing Tord, Frøya og Solveig
Tekst/foto: Solveig Haugland Nett: Kristian Bringedal