Vellukka juletrefest i Vonheim.
Det er juletrefest i Uskedalen – dag etter dag. Fyrst ut var Haugland og Musland Grendalag med julefest i forsamlingshuset Vonheim. I kveld er det fest i Bedehuset. I Vonheim er det tradisjon at til opning spelar Uskedal Musikklag. Etter det går det slag i slag med opplesing, tale, matøkt og gang kring juletreet. Nissen kjem med pakkar til borna. Tore Mathisen var leiar i pogramnemnda. Takk til Tore som også har sendt oss bilete frå festen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Tore Mathisen