Vellukka Basecamp på Rabben Feriesenter.
Bergen Turlag melder på si Facebookside at dei har hatt ein fin basecamp på Rabben Feriesenter. Rundt førti deltakarar, instruktørar og turleiarar møtte fram til ei varm helg med eit spennande og variert program. På menyen stod det brevandring på Botnabreen, storveggsklatring på Vetletindpillaren, fottur til Malmangernuten og klyveturer til Bjørndalstraversen og Gygrastolen. Turlaget takkar alle som var med og gjorde sitt til at det vart ei minnerik helg.
Tekst/foto Henta frå Bergen Turlag FB Nett: Kristian Bringedal