Velkomne til opning av turvegen på Stemneplassen og i Skårhaug - sundag kl. 17.00.
Det meste er på plass. Uskedal Friluftslag ynskjer velkomne til opning av turvegen i Skårhaug, sundag 7. mai, kl. 17.00 med frammøte ved møterommet. Hugs at du set bilen ved Grano og går fram til Stemneplassen. Kom og ver med på snorklypping, tur til toppen ved TV masta, som ligg på 49 meter over havet. Det er musikk ved Uskedal Musikklag, helsingar, trekking av vedlotteriet, kaffi. saft og kaker. Bilete syner Steinar Kroka frå Dugnadsgruppa som gjer klar skiltinga.
Stor takk til Dugnadsgruppa for rydding og klargjering av område, takk også til bruk av arbeidar frå Kvinnherad Avløysarlag. Takk til SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad for gåve til prosjektet, løyvd i to omgangar, tilsaman kr. 280.000,-. Magnhild Haugland vil representera stiftinga på opninga i morgon. Ho vil også få det ærefulle oppdraget med den formelle opninga. Med eigne midlar og dugnad er den samla kostnaden på rundt kr. 350.000,- .
Styret vil også takka naboane for framkomst og transport over privat grunn. Entreprenøren Haugland Mjølk og Maskin må ikkje gløymast. Alle som kjem til opninga, vil sjå ein turveg lagt naturleg i lende utan sprenging og vesentlege inngrep i landskapet.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal