Velkomne til julegudsteneste kl. 15 i Helgheim.
At kyrkja er stengd set ikkje ein stoppar for gudstenester og andre kyrkjelege handlingar. Alt går etter oppsett plan. Helgheim er rigga og klargjort for julegudsteneste i morgon, juleafta, kl. 15.00. Ei gruppe frå Uskedal Musikklag spelar til salmane i tillegg til preludie og postludie.

Liturg i morgon er Kjersti Brakestad Boge. Kyrkjetenar er Johannes Solheim. Klokkar Kristian Bringedal. Offeret går til Den indre Sjømannsmisjon.

Skipsklokka vert brukt til opning og ved 3 x 3 på slutten.
Ver med og syn di støtte til kyrkja i ei tid då soknerådet og kyrkjekontoret gjer det beste ut av situasjonen. Velkomne til alle.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto