Bildet over viser tre fornøgde karar frå Uskedal Historielag, Ståle Eik (f.v.), Thor Inge Døssland og Svein Rimestad, som studerer den nye boka i serien “Den nære fortida” like etter at dei hadde fått den i hus. På laurdag kan også alle andre bli kjende med denne nye boka. Då blir det bokslepp i Helgheim med presentasjon av bokarbeidet, henting og salg av bøker, musikk og enkel servering frå kl.12. I fjor var boksleppet i Gamleskulen, men der vart det altfor trongt, og nokre valde til og med å snu då dei kom til inngangsdøra. Derfor er årets slepp flytta til hovudsalen i ungdomshuset Helgheim.

Ståle Eik pakkar og registrerer for sending.

Frå ca. 11.45, medan folket kjem, vil Veteranbandet i UML spela nokre nummer. Dei vil også fortsetja med eit par nummer i starten av sjølve programmet før arbeidet med boka, og arbeidet i historielaget elles, blir presentert. Dette blir etterfulgt av ei musikkavdeling med Rustne Menn og enkel servering. Deretter blir det henting av førehandskjøpte bøker, og salg av både bok 1 og bok 2 i serien. Det kan betalast både med vipps og kontantar. Samtidig skjer det ein annan viktig ting, nemleg innsamling av bilde. Historielaget håpar at mange har sett gjennom albumar, skuffer og skap slik at dei har med bilde til bruk i komande bøker. Bilda er heilt avgjerande for at laget skal kunna følgja opp med kjekke og interessanne bøker i serien.

Viss ein ikkje har høve til å komma på boksleppet, kan ein sjølvsagt kjøpa bøker ved å vippsa 300,- pr. bok til 76 38 03 eller betala inn til konto 3207.37.52026. Då må ein hugsa å skriva kva bok det gjeld. Henting kan avtalast med tlf 932 88 237. Ved sending må ein betala 90,- kr ekstra.
Det vil sjølvsagt også bli høve til å kjøpa bøkene i ulike samanhengar i tida framover. Dette kjem det informasjon om her på sida og på facebooksida til Uskedal Historielag. Sjølvsagt er det berre å ta kontakt med skriftstyret når ein ønskjer boka.

Vi ser fram til ei kjekk stund i Helgheim på laurdag.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kristian O. Bringedal og Thor Inge Døssland