Velkomne til 17. mai gudsteneste kl. 11.15.
Fyrste innslaget etter salutten kl. 07.00 er gudsteneste ved Uskedal kyrkje kl. 11.15. Liturg er sokneprest Kjersti Brakestad Boge. Organist: Kantor Eva Megyesi. No lovar vervarslinga godt ver. Då vert gudstenesta ute på kyrkjetrappa.
Soknerådet har i dag fått stolar på plass, rigga og hatt lydprøve. Dersom det likevel skulle bli regn, vert gudstenesta inne i kyrkja, ikkje i Båtlagshuset slik det var kunngjort i lysinga for gudstenester i Kvinnherad. Ute i friluft er det ikkje restriksjonar for kor mange som møter fram. Det vert likevel skrive frammøteliste.
Uskedal sokneråd ynskjer velkomne til 17. mai gudsteneste kl. 11.15.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal