I fredagens nummer av Kvinnheringen kan vi lesa at Audun Eik har fått Juleblomen som avisa kvart år deler ut i adventstida. Juleblomen er ei påskjøning til personar som har gjort ein stor frivillig innsats som er til glede for andre. I år er altså Audun Eik ein av mottakarane, og det er på høg tid. Audun har i mange år utmerka seg som ein utruleg dugnads- og lagsmann. Til Kvinnheringen seier han at han vil dela blomen med kona si, Liv. Det trur eg også heile bygda støttar han i. Ein slik JA-mann er ikkje mogeleg utan at det står ei gasta kvinne bak og støttar opp. Men vi ser også at Audun får tid til å hjelpa til på heimebane. Sidan det er førjulstid, kan eg nemna at han nyleg var med og kokte lassavis med smultringar. Dei er eit godt team!!

Forslagstillaren har lagt vekt på dei mange dugnadsprosjekt han har vore aktiv og ei drivkraft i gjennom mange år. Helgheim og Stemneplassen er nemnt i så måte. At han akkurat no er opptatt med dugnad på bygget på Stemneplassen og med å reparera trappa på forsmlingshuset Vonheim oppe i dalen, er teke med.  Engasjementet hans i dugnadsgruppa(seniorgruppa) er sjølvsagt vektlagt.

Det mangfaldige og store engasjementet hans i ulike lag med stort interessefelt er sjølvsagt nemnt. Det som gjennomsyrer alt, er den positive instillinga JA-mannen har, og som han får til å smitta over på andre.

De kan lesa det kjekke intervjuet som journalist Ingvild Sjo har med Audun i fredagens utgåve av Kvinnheringen.

Kvinnheringen starta med å dela ut Juleblomen i 2007. Etter det har det vore utdelingar i førjulstida kvart år med unnatak av 2008 og 2018. Eit godt knippe uskedelingar har blitt tildelt blomen:

  • Ola Matti Mathisen, 2010
  • Gunnvald Friheim(Rosendal), 2011
  • Pål Haugland, 2012
  • Lars Myklebust og Knut Steinsletten, 2013
  • Børsdalsnissen, 2014
  • Elin Enes, 2014
  • Inger Johanne Rød Vågen(Åkra), 2014
  • Lars Wang(Rosendal), 2015
  • Thor Inge Døssland, 2016
  • Bjørgulv Eik, 2017
  • Monica Hermann og Christoffer Fossli, 2019
  • Kristian Bringedal, 2020
  • Audun Eik, 2021.

Vi gratulerer Audun og Liv. Det var så fortent, så fortent!!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kvinnheringen/Ingvild Sjo