Mange er det som har kryssa elva som går frå Stølsvatnet til Mannsvatnet, men eg og mange med meg har aldri høyrt namnet på den. Mest alle som skal til ungdomslagshytta “Fjelly” må over den, og for nokre år sidan blei det bygt bru over elva. Eg har spurt mange som er endå mykje ivrigare turgåarar på Hauglandsfjellet enn eg, men ingen av dei har høyrt namnet på den elva. No har Astrid Haugland funne det. I gamle utskiftningspapir frå 1847 fann ho at elva var omtala som Vasslielven. På bildet over ser vi elva der den renn ut i Mannsvatnet.

Astrid er, meir enn vanleg, interessert i lokalhistorie og opphavelege lokale namn. Sjølv om ho i si tid flytta til Haugland frå Rosendal, er det ikkje mange som har betre oversikt over lokale stadnamn i Hauglands-området. Det var nok derfor ikkje tilfeldig at det var akkurat ho som fann namnet på den til no namnlause elva.

Vasslielven var skrivemåten i 1847, men vi kan vel i 2021 oppdatera det til Vasslielva eller aller helst Vasslielvo. Kva kan så namnet komma av? Vi veit jo lia ned mot elva på Hauglandsida kan vera nokså våt og fuktig. Kan namnet ha med det å gjera?? Andre forslag?

Tekst og nett: Thor Inge Døssland.
Arkivfoto: Hans Ordin Østebø.