Det pågår vegvedlikehald på den kommunale vegen mellom Friheim og Fjellandsbø. Entreprenørfirma SAU & SÅNT gjer jobben. Det er lagt ny røyr over vegen med dimensjon som tek unna store mengder vatn som kjem ned i lia og renn ut i Fjellandsbøvatn. Det er forskala og gjort klar for støyping av inntakskum. Verksemda SAU & SÅNT utfører arbeid innan veg, grunnarbeid og VA. Mange kjenner dei frå snøbrøyting og vintervedlikehald.

SAU & SÅNT er utførandre entreprenør for vegvedlilehald på vegen langs Fjellandsbøvatn.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal