Vegen er mellombels utbetra og kan brukast.
Vegen opp til Stemneplassen er mellombels utbetra og kan brukast. Dersom det let seg gjera med finansiering, skal det koma murkant med rekkverk. Vegen har eit dårleg underlag. Mykje vatn og større trafikk har ført til slitasje og skade. Haugland Maskin v/ Tor Ove Haugland har utført jobben med sikring og utbetring. Arbeidet med steg to på turvegen i friluftsområde tek til med det fyrste.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal