MESTA as utfører veg / kant forsterking i Uskedalen. I denne omgang gjeld det nedre Feet ( Fitjaflatene ) og ein strekning ved Børneset. Anleggsleiar Tor Helge Tveit fortel til uskedalen.no at arbeidet på Feet er rekna å vera ferdig i denne veka. Arbeidet ved Børneset vert gjort straks etter påske. MESTA leiger inn TM anlegg og andre entreprenører til sjølve arbeidet. Det er masseutskifting / veg forsterking på om lag 250 meter. På Børneset kjem det nytt rekkverk. Det går med 750 – 1000 m3 stein / pukk og det vert lagt asfalt bærelag på begge områda. Arbeidet omfattar også utbetring av ein del drenering. Veg- og kantforsterkingane vert gjort i forkant av planlagd asfaltering på strakninga Herøysundet – Uskedalen. I anleggsperioden er vegen lysregulert.

TM anlegg er ein av entreprenørane som er leigd inn for å gjera jobben.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal